Press "Enter" to skip to content

Dugnad lørdag 25. juli

Landsfinalen nærmar seg med stormskritt og for å få gjort den siste finpussen på baneanlegget før innrykket startar, blir det dugnad lørdag 25. juli frå kl. 10.00. Aktuelle arbeidsoppgåver er:

  • klypping/rydding i skråningar (alle som har kantklypperar tar med det)
  • utvask av sanitærbygg, klubblokaler og sekratariat
  • finpuss av banen med steinplukking på og rundt
  • rydding og finpuss av depot inkl. steinplukking og oppmerking
  • klargjering av parkerings- og campingområder
  • sjekking av avløp/grøfter
  • osv.

Mykje godt arbeid er gjort. Nå står finpussen igjen for å visa heile Norge kor fint baneanlegg me har i Vikedal.
Anleggskomiteen set stor pris på tilbakemelding om kven som kjem og kva ein kan/vil bidra med på Facebook eller SMS til 979 53 515.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.