Press "Enter" to skip to content

Mange 2-dagarsløp denne helga

Det vart ingen nye kvalifiserte til Landsfinalen frå Landskamp.no som gjekk på Momarken i helga. Alle dei 10 beste er allereie kvalifisert, og 5 av dei 6 beste er og påmeldt. Me gratulerar Sebastian Huse, NMK Aremark, med seieren og ønskjer han og alle andre velkomne til Vikedal 1. august.

I kvalifiseringsløpet på Landsfinalebanen i Vikedal, var Simen Narvestad frå NMK Kvinesdal den einaste som fullførte A-finalen. 3 bilar vart ståande i sandfella i startsvingen, 1 kjørte forbi i gulflaggsone og ein fekk drivakselbrudd. Dessverre vart bilen til Simen seld etter løpet, men han lova å ha ein ny klar til 1. august. Han fekk i alle fall ein god generalprøve. I Vikedal var det og mange som alt var kvalifisert, men to søskenbarn frå Vikedal kvalifiserte seg og var godt fornøgd med det.

LF_BCjr_kval

Sverre Hundseid (t.v) og Thomas Hundseid Eikeland kvalifiserte seg på heimebane i Vikedal.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.