Press "Enter" to skip to content

Sølve Østbø til topps i Bilcross junior Challenge

Sølve Østbø frå Ølen og NMK Vikedal gjekk i dag til topps i Bilcross junior Challenge på Gardermoen Motorpark. Bilcross junior Challenge er ein talentkonkurranse for ungdom mellom 16 og 18 år der 8 deltakerar vert plukka ut av Bilsportforbundet basert på ein skriftleg søknad til finalen som gjekk 2. pinsedag.

Seiersbilde_BCjrChallenge
Sølve Østbø på taket av premien, ein Opel Corsa bilcrossbil med alt utstyr, omkransa av dei andre deltakerane i finalen.

Deltakerane kom frå heile landet frå Lofoten i nord, Trysil i øst og Vikedal i vest. I finalen inngjekk 5 forskjellige testar, køyring med framhjulstrekt bilcrossbil, bakhjulstrekt bilcrossbil og shortcar, fysisk test og intervju med juryen. Etter ein spennande dag og ein knalltøff fysisk test som han vann, plukka juryen ut Sølve Østbø som vinnar. Premien er ein nyrigga, konkurransedyktig bilcrossbil og plass i årets Landsfinale for bilcross junior i Vikedal 1. august.
– Eg hadde ikkje trudd dette når eg kom her i dag, seier Sølve Østbø. Eg hadde eit håp om å gjera det bra på den fysiske testen, men at eg klarte å vinna totalt var litt overraskande.
Premien vert ikkje overlevert før dagen før Landsfinalen 1. august, men det vert lagt tilrette for ein treningsdag for å gjera seg kjent med bilen. Sidan premien er ein framhjulstrekt Opel Corsa, vurderer Sølve å skaffa seg ein liten framhjulstrekkar for å kunne trena litt fram til Landsfinalen. Tidlegare har han stort sett kjørt bakhjulstrekkerar, men trur overgangen til framhjulstrekk skal gå fint. Målet for Landsfinalen vil uansett vera å komme lengst mulig opp i finalane. Som tidlegare år får vinnaren av Bilcross junior Challenge startnr. 100, og bilen er fritatt for bud under Landsfinalen.

For dei som vil sjå litt kva testane gjekk ut på, kan de sjå kjøringa med Shortcar og den fysiske testen via linkane under:

Kjøring med shortcar 600

Fysisk test

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.