Press "Enter" to skip to content

Favorittseier på Fluberg

Etter at heimeføreren Espen Lappen frå NMK Fluberg og Marius Karlstad frå NMK Gardermoen stod med full pott etter innleiande omgongar, var det Simen Engsvik, NMK Aremark, som gjekk til topps i kvalifiseringsløpet på Vinjarmoen på Dokka sist helg. På dei våte forholda var det ein annan heimeførar, Eskil Espeseth, som kom nærmast Engsvik. Deretter følgde Marcus Bårdseth Enger, NMK Hamar, Espen Lappen, NMK Fluberg, Emil Løstegård, NMK Gol, og Marius Karlstad, NMK Gardermoen. Engsvik kjørte opningsløpet på Landsfinalebanen i Vikedal helga før, men vart berre nr. 5 der. Men han fekk sikkert kjørt nok til å danna seg eit bilde kva utstyr som vil passa på banen i Vikedal.

Komplett resultatliste

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.