Yearly Archives: 2013

Hei alle medlemmer

ÅRSMØTE I NMK VIKEDAL  LØRDAG 16. NOVEMBER PÅ VIKEDAL BYGDAHUS.

Styret planlegg å  forlenga årsmøte med litt sosialt samvær for medlemmene frå dei yngste til dei eldste.
Det vil bli servert enkel, god mat. Me vil visa filmklipp frå løp før og nå. Har de noko å bidra med så er de velkomne til det.

Pga. matserveringa blir det bindande påmelding innan 9. nov

Pris pr. pers.: kr.100,-

Det vil koma oppslag med tidsskjema, påmelding og meir info på jubileumsløpet.

 Helsing Kari

Påmeldinga opna for jubileumsløpet i bilcross 19. og 20. oktober

Plakat_19.-20. okt_400Påmeldinga for jubileumsløpet i bilcross er no opna. Du finn linkar til tilleggsreglar, påmelding og startliste under. Jubileumsløpet i bilcross blir kjørt med heile seks omgongar. I tillegg vil det bli tatt tider på heata og beste tid i kvar omgong får 2 bonuspoeng. Finalene vert etter mønster av EM i rallycross, men med 3 semifinalar og deretter A- og B-finale utan opprykk. Finaleopplegget er beskreve i detalj i tilleggsreglane. Det vil dermed bli masse kjøring for dei aller fleste denne helga.

I tillegg til dei ordinære klassane, er det opna for at 15-åringane kan kjøra bilcross jr. trening, og det blir trening/oppvisning med crosskart. Forhåpentlegvis kjem og sølvmedaljevinnaren i den grommaste crosskart-klassen, Ingve Andrè Strand frå Fitjar.

Tilleggsreglar/påmelding/startlister:
       Tilleggsreglar
       Påmelding
       Føreløpig startliste

Værmeldinga for Vikedal Motorbane finn du her…
Ser ut som du kan la regnkleda liggja, men ta med varme klær.

Nedtur for Joakim Rønnevik i NM-finaleløpet

Joakim Rønnevik vann alle innleiande omgongane i NM-finalen i Skien, kom først i mål i finalen og hadde kontroll på samanlagtseieren, men juryen ville det annleis. Mest nøgd etter finalen var nok Moland Racing team med fjerdeplass til Kenneth Johansen og femteplass til Bjørn Magne M. Enge.

Joakim_Lise-Marie_finalen_RJ
Lise Marie i yttersporet rundt første sving og prøver å pressa seg inn framfor Joakim. Det enda med at ho vart ståande på tvers framfor Joakim. (Foto. Rune Johannessen)

NMK Vikedal dominerte bakkeløpscupen

NMK Vikedal-førerane vann alle tre klassane i bakkeløpscupen etter andre og siste runden på Klepp. Det var berre 12 deltakerar i rallycross-klassane på Klepp, og berre 3 frå NMK Vikedal var skuffande.

Crosskart-gullet glapp igjen for Ingve Andrè Strand

For tredje gong tapte Ingve Andrè Strand kampen om gullet med minst mulig margin, men vann sølvmedalje i NM for crosskart 650 ccm. I finaleløpet på Gjøvik var det spesielt starten i 3. innleiande omgong som øydela. Då kvelte han crosskarten på start og vart berre nr. 6. Dermed stod han midt i andre rekkje i finalen, og med mange dyktige førerar framfor seg. Dermed kom han seg ikkje forbi, og kjørte inn til sjetteplass i finaleløpet. Sidan Simen Vardeberg, NAF MS Kongsvinger, vann løpet, slo han Ingve Andrè med fattige 2 poeng. Jørgen Svindal, NMK Gardermoen, fekk same poengsum som Ingve Andrè, men fekk bronsen med dårlegare plasseringar.

Tre Vestlandsmestrar frå NMK Vikedal

Det vart ein spennande finale i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross på Eikås Motorsenter ved Bergen lørdag 7. sept. I bilcross junior hadde Andrè Hustoft Nesheim, NMK Vikedal, ei trygg leiing før finaleløpet, men når bilen ikkje ville vera heilt med i finaleløpet, vart det spennande på slutten.

Joakim Rønnevik til topps i Kristiansand

Joakim Rønnevik gjekk heilt til topps igjen i NM-runden i rallycross på Rugslandsbanen i Kristiansand i helga. Også dei andre deltakerane frå NMK Vikedal gjorde det bra.

Per-Gaute Østbø nr. 56 i landsfinalen for bilcross på Konsmo

Det vart som venta ingen finaleplass på Per-Gaute Østbø i Landsfinalen for bilcross sist fredag og lørdag på Konsmo. Det vert satsa ganske hardt frå mange hald, så det var mange grombilar som deltok. Best av alle var Preben Myklebust frå NMK Egersund i sin Nissan Micra med VR6-motor. Han kjørte raskast i alle omgongar, og sjølv om han kom sist ut i finalen kjørte han inn til ein suveren seier. NMK Vikedal gratulerar Preben med seieren.
       Det var drygt 2300 bud, og 4 medlemmer i NMK Vikedal fekk med seg «ny» bil heim. Dessverre vart bilane til alle dei 3 deltakerane frå Bergen selde, men me håpar det ordnar seg med nye bilar til finalen i Vestlandsmesterskapet på Eikås lørdag 7. september.

Ingve Andrè Strand nr. 4 i NM-runden i Flå

Ingve Andrè Strand vart nr. 4 i NM-runden i crosskart som NMK Nedre-Hallingdal arrangerte i Flå forrige helg. Trøbbel med brillene i A-finalen under dei ufyselige forholda i Flå kosta han i allefall ein plass. Med det resultatet leiar han i praksis NM for 650 ccm med 2 poeng på Jørgen Svindal frå NMK Gardermoen. På papiret står dei likt no, men ein av rundane som er kjørt skal strykast før den spennande finalen på Gjøvik 7.-8. sept. Dermed vil den av dei som kjem høgast på resultatlista på Gjøvik bli norgesmester, sjølv om dei og må ha eit auga med Simen Vardeberg, NAF MS Kongsvinger, som ligg 9 poeng bak Ingve Andrè.
       I klassen 125 ccm stemde det ikkje heilt for Anders H. Strand. I første omgong rauk gasswiren på startplata, og i andre omgong snurra han og vart ståande. I tredje omgong vart det 5. plass, noko som gav 11. plass i løpet. Han ligg og på 11. plass samanlagt i NM.
        I 85 ccm klassen vart det dramatikk for Hauk Hamre-Hagen som for sikkerhets skyld rulla to gonger, heldigvis utan skader på førar eller crosskart. i 3. omgong vart det 2. plass når han endeleg klarte å fullføra. Dermed vart det plass i B-finalen saman med Bjørn Cato Aarekol. Der vart det ei mølje i første sving som gjorde at finalen vart raudflagga. Dette oppfatta ikkje Hauk som fekk svart flagg for ikkje å ha respektert det raude flagget. Bjørn Cato var med i omstarten og kjørte inn til ein fin 12. plass, medan Hauk fekk 16. plass. Samanlagt i norgescupen er Hauk nr. 9 og Bjørn Cato nr. 10.

Sølvmedalje til Daniel i NM i bakkeløp

Det vart to andreplassar på Daniel Holten i dei to siste løpa i årets NM i bakkeløp. Han var rett i hælane på vinnaren, Lars Øivind Enerberg, men måtte gi tapt begge dagane. Dermed vart det sølvmedalje på Daniel og alle i NMK Vikedal gratulerer så mykje, Daniel!
   Ein som sikkert var minst like glad var Bjørn Magne Moland Enge. Etter ein flott femteplass i går, slo han til i dag med ein strålande tredjeplass, eit snautt sekund bak Stian Haugan som vann. Gratulerer med pallplassen, Bjørn Magne!