Press "Enter" to skip to content

Lisensar og vakter til jubileumsløpet

Det er berre 9 førerar som har meldt inn vakter så langt, og det er alt for lite i forhold til dei påmelde. Det er pr. i dag 8 påmelde i bilcross jr. og 36 i bilcross, og om alle desse hadde meldt inn ein vakt kvar dag, ville løpskomiteen sluppe å bekymra seg for det. For alle dei som etter fleire år fortsatt ikkje hugsar kor dei skal melda inn vakter, er e-postadressa  fortsatt vakt(a)nmk-vikedal.net. 
            Og tenk litt på kven du spør om å vera vakt. Du skal ikkje berre melda inn eit namn, personen skal og vera egna til å gjera ein jobb. Tenk på at ei banevakt du eller ein annan førar har meldt inn er den som skal hjelpa deg ut når du har hatt ein kjempesmell, ligg på taket med smerter i nakken og bensin/olje flytande rundt deg. Me håpar at det ikkje skjer, men det kan skje. Då vil det vera ein fordel om vedkommande har litt erfaring frå redningstjeneste, førstehjelp, brannvern o.l. Kjenner du nokon i det lokale brannvernet, industrivernet, sivilforsvaret e.l. kan det vera lurt å prøva å få dei med.

Det er ein del som skal kjøra sitt første løp for sesongen og me vil difor informera litt om lisensar:
For å delta i konkurransen må ein ha ordinær lisens som dekkjer bilcross. Dei som løyser førarlisens for bilcross etter 1. sept. betalar berre halv avgift (kr. 700,-), men må og ha gyldig medlemskap i den motorklubben som står på lisensen. Ny-innmelde seniormedlemmer i NMK Vikedal betalar 230,- kr. i medlemskap ut året etter 1. sept. Alle kvitteringar for lisensar og medlemskap MÅ ha manuell kvittering (stempel) eller oblat. Utskrift frå nettbank er ikkje godt nok.
Dei som løyser eingongslisens for løpet kan ikkje oppnå plassering på resultatlista eller premierast. Ein køyrer då nærmast som debutant, men har ikkje fritak frå anbudsreglementet på bilen som debutantane har. Eingongslisensen kostar kr. 300,- og kan løysast på innsjekk. Ein treng ikkje medlemskap i motorklubb når ein kjører på eingongslisens. Det må opplysast ved påmelding at ein ønskjer eingongslisens, slik at arrangører har nok lisensar tilgjengeleg.
Ta kontakt med Svein Erik Østbø, tlf. 90895398, dersom du har spørsmål om lisensar/medlemskap.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.