Press "Enter" to skip to content

Flott og spennande 30 års jubileumsløp

Det vart eit flott og spennande 30 års jubileumsløp på Vikedal Motorbane i helga. Opphold stort sett heile helga, sjølv om det vart litt kald vind søndag. Til slutt var det landsfinalevinnar Preben Myklebust som drog seieren i land. Per-Gaute Østbø vart nr. 2, medan Anfinn Mæland tok ein flott tredjeplass. Per-Gaute var ein av dei 5 deltakerane som og deltok i opningsløpet 14. august 1983. 

Seierspall_BC
Preben Myklebust, NMK Egersund, på toppen omgitt av Per-Gaute Østbø t.v. og Anfinn Mæland, begge NMK Vikedal.

I juniorklassen dominerte førerane frå NMK Bergen. Steffen Hjelmås gjekk til topps, framfor Atle Østerbø Veland og Karoline Breivik. Olav B. Bjelland og Oliver Matre vart best av NMK Vikedal-førerane på 4. og 5. plass.

    Resultatliste – bilcross jr.
    Resultatliste – bilcross

 

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.