Press "Enter" to skip to content

Tre Vestlandsmestrar frå NMK Vikedal

Last updated on 1. oktober 2013

Det vart ein spennande finale i Vestlandsmesterskapet for bilcross og rallycross på Eikås Motorsenter ved Bergen lørdag 7. sept. I bilcross junior hadde Andrè Hustoft Nesheim, NMK Vikedal, ei trygg leiing før finaleløpet, men når bilen ikkje ville vera heilt med i finaleløpet, vart det spennande på slutten.

Etter dei innleiande omgongane var Nesheim berre kvalifisert til ein C-finale. Der vart han ståande etter at han small inn i ein konkurrent som snurra rett framfor han. Dermed vart det berre 13. plass på Nesheim, og Atle Østerbø Veland, NMK Bergen, kunne gå forbi dersom han vann finaleløpet. Heldigvis for Nesheim var det Olav Bakkedal Bjelland, NMK Vikedal, som sikra seg seieren i finaleløpet. Han kom opp på same poengsum som Nesheim, men dårlegare plasseringar i tidlegare rundar gjorde at Bakkedal vart rangert bak Nesheim. Dermed vart Nesheim Vestlandsmester i bilcross junior, Bjelland nr. to og Veland nr. tre. Asbjørn Hustvedt Lærdal og Oliver Andrè Matre, begge NMK Vikedal, vart nr. fire og seks samanlagt.

            I bilcross stod kampen mellom Anders Hjelmås og Torbjørn Østerbø Veland, begge NMK Bergen. Hjelmås, som har leia det meste av sesongen, drog det lengste strået og i finaleløpet framfor Veland og Rune Vaktskjold, NMK Bergen. Dette vart og rekkefølgja i Vestlandsmesterskapet. Per-Gaute Østbø, NMK Vikedal, hadde mulighet til å ta tredjeplassen, men sjetteplassen i finaleløpet var ikkje nok, så det vart fjerdeplass i Vestlandsmesterskapet på Østbø.

            Det var dårleg deltaking i rallycrossklassane i finaleløpet. I klassen inntil 2000 ccm klarte Rudi Andres Rossland å slå Steinar Stokke, begge NMK Bergen, i finaleløpet. Men det var ikkje nok til å slå han samanlagt, så dermed vart Stokke Vestlandsmester med Rossland på andreplass og Kenneth Johansen, NMK Vikedal, på tredjeplass. Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, har hatt ein god debutsesong i klassen inntil 2400 ccm, og gjekk sigrande ut av finaleløpet og. Sigbjørn Hannisdal, NMK Bergen, låg nærmast, men girkasseproblemer hindra han å ta opp kampen i finalen. Lothe vart Vestlandsmester framfor Hannisdal og Tor Ivar Netlandsnes, NMK Kvinesdal. I den siste klassen, over 2400 ccm, var Lars Reidar Frøyland klar som Vestlandsmester før start og einaste deltakar i finaleløpet. Ingvar Auestad, NMK Vikedal, og Steven Wetland kom på dei neste plassane samanlagt.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.