Press "Enter" to skip to content

Joakim Rønnevik til topps i Kristiansand

Joakim Rønnevik gjekk heilt til topps igjen i NM-runden i rallycross på Rugslandsbanen i Kristiansand i helga. Også dei andre deltakerane frå NMK Vikedal gjorde det bra.Joakim vann alle omgongane og finalen i rallycross junior suverent, og rykka dermed enno nærmare Lise Marie Sandmo, som leiar Rallycross junior cupen. Han er no berre 3 poeng bak Lise Marie, og det vert ein spennande finale i Skien om 3 veker.

RCjr_seierspall_130901
Joakim Rønnevik på toppen av pallen, flankert av Lise Marie Sandmo (nr. 2), Lina Holt (nr. 3) og Martin Svendstad (nr. 4).
Foto: Rønnevik Racing

       Åsmund Holten opna litt forsiktig med 7. og 5. tid i dei to første omgongane i klassen inntil 1600 ccm, før det vart andretid i 3. omgong. Dermed var han kvalifisert direkte i A-finalen. Der kjørte han i mål som tredjemann, men vart etterpå flytta ned ein plass. Samanlagt i NM ligg han på fjerdeplass, 12 poeng bak bronseplassen. Det skal kjørast først, men 12 poeng er mykje å ta igjen om ikkje noko spesielt skjer.
        I klassen inntil 2000 ccm hadde Daniel Holten ei knallopning då han hadde bestetid i 1. omgong. I andre omgong fekk han ei punktering og 16. tid, men var med igjen med fjerdetid i tredjeomgong. Det gav direkte plass i A-finalen. Dessverre vart det stopp i A-finalen, slik at det «berre» vart ein femteplass. Kenneth Johansen fekk det ikkje heilt til i dei innleiande omgongane med to 10. tider og ei 8. tid. Ernst Holten Leifsen fekk ei punktering og 17. tid i første omgong, og 9. og 11. tid i dei neste. I siste omgong var det problemer med girkassen, noko dei ikkje klarte å ordna før C-finalen. Dermed måtte han trekkja seg frå den, medan Kenneth vann C-finalen såvidt framfor Christian Sandmo. I B-finalen gjekk det ikkje så bra, men Kenneth vart nr. 5 og dermed nr. 9 totalt. Lars Ivar Øie kjørte og i Kristiansand og vart nr. 17 etter 16., 13. og 18. tid i dei innleiande omgongane.
        Samanlagt i NM har Kenneth 67 poeng på fjerdeplass medan Daniel har 61 på plassen bak. Kenneth har 15 poeng opp til bronseplass, så dermed vert det vel ein prestisjekamp i finalen om å vera beste NMK Vikedal-førar og sikra seg fjerdeplassen.
        Bjørn Magne Moland Enge gjorde eit nytt godt løp. 12., 5. og 11. tid i dei innleiande omgongane gav 2. spor i C-finalen der han vart nr. 2 bak Ola Frøshaug. I B-finalen kjørte han seg opp til 3. plass, og vart dermed nr. 7 totalt. Samanlagt i NM ligg han på 14. plass, men med eit godt resultat i finalen er det muligheter for ein plass blant dei 10 beste. Me passar på å gratulera Ørjan Lutsi med ein ny NM-runde-seier. Ørjan ligg på 5. plass i NM med ein liten mulighet for bronsemedalje (7 poeng bak).

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.