Press "Enter" to skip to content

Ingve Andrè Strand nr. 4 i NM-runden i Flå

Ingve Andrè Strand vart nr. 4 i NM-runden i crosskart som NMK Nedre-Hallingdal arrangerte i Flå forrige helg. Trøbbel med brillene i A-finalen under dei ufyselige forholda i Flå kosta han i allefall ein plass. Med det resultatet leiar han i praksis NM for 650 ccm med 2 poeng på Jørgen Svindal frå NMK Gardermoen. På papiret står dei likt no, men ein av rundane som er kjørt skal strykast før den spennande finalen på Gjøvik 7.-8. sept. Dermed vil den av dei som kjem høgast på resultatlista på Gjøvik bli norgesmester, sjølv om dei og må ha eit auga med Simen Vardeberg, NAF MS Kongsvinger, som ligg 9 poeng bak Ingve Andrè.
       I klassen 125 ccm stemde det ikkje heilt for Anders H. Strand. I første omgong rauk gasswiren på startplata, og i andre omgong snurra han og vart ståande. I tredje omgong vart det 5. plass, noko som gav 11. plass i løpet. Han ligg og på 11. plass samanlagt i NM.
        I 85 ccm klassen vart det dramatikk for Hauk Hamre-Hagen som for sikkerhets skyld rulla to gonger, heldigvis utan skader på førar eller crosskart. i 3. omgong vart det 2. plass når han endeleg klarte å fullføra. Dermed vart det plass i B-finalen saman med Bjørn Cato Aarekol. Der vart det ei mølje i første sving som gjorde at finalen vart raudflagga. Dette oppfatta ikkje Hauk som fekk svart flagg for ikkje å ha respektert det raude flagget. Bjørn Cato var med i omstarten og kjørte inn til ein fin 12. plass, medan Hauk fekk 16. plass. Samanlagt i norgescupen er Hauk nr. 9 og Bjørn Cato nr. 10.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.