Press "Enter" to skip to content

Stang ut for NMK Vikedal-førerane i Landsfinalen for bilcross junior

Olav Bakkedal BjellandDet vart litt stang ut for førerane frå NMK Vikedal i NMK sin Landsfinale i bilcross junior som gjekk på Bollandsmoen Motorbane i Melhus rett sør for Trondheim på laurdag. Av dei 10 førerane var det Olav B. Bjelland som gjorde det best med sin 23. plass blant dei 130 deltakerane.

Olav B. Bjelland hadde ei klar målsetting om å betra 19. plassen frå i fjor, men heller ikkje i år skulle det lukkast heilt for Olav. Han vann sitt heat i 1. omg. greit, men i 2. omg. fekk han svært god hjelp til ein piruett og ein tur utanfor banen. Det kosta verdifulle plasseringar i heatet, sjølv om han kjørte seg opp til ein 4. plass. I 3. omg. var han tilbake på sporet og tok ein ny heatseier. Med heile 7 førerar med full pott, 30 poeng, etter dei 3 innleiande omgongane, måtte ein ha mange poeng for å nå opp i finalane. Med sine 23 poeng var det så vidt Olav B. Bjelland nådde E-finalen. Før E-finalen kom det nokre tordenbyger, som gjorde banen svært glatt. Olav hadde ikkje dei rette dekka tilgjengeleg, og sleit med å få feste. Dermed enda det med ein 3. plass i E-finalen og ein 23. plass totalt.

Golf VR6 - Bjelland
Dessverre vart den nybygde VW Golf VR6-en til Olav B. Bjelland seld i anbudsrunden etter løpet.

            Av dei andre førerane låg Andrè H. Nesheim godt til med 17 poeng etter 2 omgongar, men i 3. omgong ville ikkje eine framhjulet vera med lenger og tok seg ein tur på eigen hand. Med brutt 3. omg. vart det 44. plass på Andrè. Glenn-Roar Gåsdalen sikra seg ein heatseier i siste omgong og vart nr. 41. Vidare vart Kjartan Dale nr. 52, Oliver Andrè Matre nr. 66, Sølve Østbø nr. 73, Lars-Erik Stangeland nr. 75, Asbjørn Hustvedt Lærdal nr. 82, Sondre Hundseid Eikeland nr. 114 og Anders Lint Moland nr. 117.

NMK Vikedal - Landsfinale BC jr
9 av dei 10 deltakerane samla rundt bilen til Anders L. Moland. F.h. rundt bilen Kjartan Dale, Sondre H. Eikeland, Olav B. Bjelland, Asbjørn H. Lærdal, Glenn-Roar Gåsdalen, Lars-Erik Stangeland, Sølve Østbø, Andrè H. Nesheim og Anders Lint Moland. Oliver Andrè Matre er ikkje med på bildet. (Trykk på bildet for å sjå heile)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.