Press "Enter" to skip to content

10 frå NMK Vikedal klare for Landsfinalen for bilcross junior

Heile ti førarar frå NMK Vikedal køyrer NMK sin Landsfinale i bilcross junior som går på Bollandsmoen Motorbane i Melhus rett sør for Trondheim på laurdag. Dermed er NMK Vikedal ein av dei klubbane i landet som stiller med flest deltakerar i høgdepunktet i sesongen for juniorane, sjølv om det blir ein lang tur til Melhus.
For å koma til NMK sin Landsfinale må førerane kvalifisere seg gjennom å vera blant dei beste i nokre utvalde kvalifiseringsløp rundt om i landet. Så langt ser det ut til at nærmare 130 deltakerar er kvalifisert og stiller til start i Melhus. Dei kjem frå heile landet, frå Kristiansand i sør til Troms i nord, for å konkurrera i det som er det uoffisielle Norgesmesterskapet for bilcross junior.
            Fem av dei ti førerane frå NMK Vikedal deltok i Landsfinalen i fjor, og då var det Olav B. Bjelland som gjorde det best med ein 19. plass. Då hadde han litt problemer med bilen, så det var eigentleg ein sterk prestasjon. I år stiller han med nybygd bil, og målet er heilt klart å koma høgare opp i finalane enn i fjor. NMK Vikedal-førerane har gjort det svært godt i Vestlandsmesterskapet så langt i år. Andrè H. Nesheim leiar etter 3 rundar framfor Asbjørn H. Lærdal og Olav B. Bjelland. I tillegg vann Kjartan Dale sesongopninga i Bergen i vår, så det skal bli spennande å sjå korleis dei kan gjera det i konkurranse med alle dei beste juniorane i landet. Oliver Andrè Matre, Sondre H. Eikeland, Glenn-Roar Gåsdalen, Lars-Erik Stangeland, Sølve Østbø og Anders Lint Moland utgjer resten av laget frå NMK Vikedal.

NMK Vikedal - Landsfinale BC jr
9 av dei 10 samla til ein siste test. F.h. rundt bilen Kjartan Dale, Sondre H. Eikeland, Olav B. Bjelland, Asbjørn H. Lærdal, Glenn-Roar Gåsdalen, Lars-Erik Stangeland, Sølve Østbø, Andrè H. Nesheim og Anders Lint Moland. Oliver Andrè Matre var ikkje klar med bilen enno. (trykk på bildet for å sjå heile)

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.