Press "Enter" to skip to content

Tok første stikk

Last updated on 30. april 2013

Steinar Stokke, Frode Leirhol og Lars Reidar Frøyland vann rallycrossklassane under opninga av Vestlandsmesterskapet i rallycross i Bergen lørdag.

130413_VM_RC_Vinnarar_Bergen
Lars Reidar Frøyland ( t.v.) Frode Leirhol og Steinar Stokke gjekk til topps i dei tre rallycrossklassane under opninga av Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter lørdag.

 

NMK Bergen-føraren Steinar Stokke var tilbake i sin gamle bil på Eikås Motorsenter etter at han selde Mazda RX5´n for to år sidan. Og han var nøgd med både bilen, køyringa og at han til slutt gjekk heilt til topps i løpet i toliterklassen.
-Bilen er heilt lik som då eg selde den for to år sidan, og dette blei berre ein herleg og problemfri dag, seier Steinar Stokke, som har tenkt å få med seg fleire løp i Vestlandsmesterskapet i tillegg til NM,  der han har ein sølvmedalje frå 2010
-Det blir nok hardt i toliterklassen i NM, men eg har planar om å vere med å kjempe.

Frode Leirhol likar seg i Bergen og hadde på ny tatt turen frå Valdres for å få med seg opninga av Vestlandsmesterskapet. NMK Valdres-føraren vann dette løpet i fjor òg, og  gjorde det same i går, i rallycrossklassen inntil 2400 kubikk.
-Heime er det vinter og då er det fint å kunne ta turen over fjellet for å få med seg eit billøp og kome i gong med sesongen tidlegare enn me gjer heime. Likar meg her i Bergen og banen er veldig bra, og den heldt fint også i dag, sjølv om me nok var nede på tela mot slutten.

Lars Reidar Frøyland frå NMK Vikedal stilte i ein nyinnkjøpt Volvo S40 til opningsrunden i Vestlandsmesterskapet. Han vann til slutt klassen Free For All.
-Veldig godt nøgd med dette. Har nok meir å hente, spesielt i startane, så med litt meir jobbing med bilen og meg sjølv kan nok dette berre bli betre.

Alle tre gav ros til arrangøren NMK Bergen for eit vel gjennomført stemne. I tillegg til rallycrossklassane vart det også køyrd bilcross på Eikås og totalt var det rundt 100 deltakarar.
-Med dette tidlege løpet, etter ein tøff vinter og med så mange deltakarar, må me berre takke for eit vel gjennomført arrangement og gi ros til NMK Bergen, var dei tre vinnarane einige om.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.