Press "Enter" to skip to content

Opning av Vestlandsmesterskapet

Etter at den første runden i Vestlandsmesterskapet, på Vikedal Motorbane måtte avlysast, er det no klart for sesongopning i mesterskapet på Eikås Motorsenter ved Bergen.

Frode Leirhol 1024

NMK Valdres-føraren Frode Leirhol vann opningsløpet på Eikås Motorsenter i fjor, og er på plass igjen på lørdag.

Både rallycross og bilcross i Vestlandsmesterskapet skulle hatt si opning på Vikedal Motorbane 6. – 7. april, men på grunn av kulde og mykje tele i jorda vart løpet avlyst.  For rallycrossen blir det no opning på lørdag på Eikås Motorsenter. Det blir og kjørt bilcross, men dette løpet tel  ikkje med i mesterskapet.

Medan det var få deltakerar i rallycrossklassane i Vestlandsmesterskapet i fjor,  ser det ut til å bli eit oppsving i år, og så langt er hele 17 førere påmelde til den første runden.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.