Klare for NM i rallycross

Klare for NM 1024

NMK Vikedal-førarane Daniel Holten (t.v.), Bjørn Magne Moland Enge, Joakim Rønnevik og Ernst Holten Leifsen er klare for NM.

I dag er det ein månad til NMK Vikedal på ny kan invitere til NM-runde i rallycross. Siste helga i mai skal alt vere klart, men først skal fleire av førarane frå klubben ut i første NM-runde som går på Gardermoen Motorpark på laurdag.

Glenn Olav Lothe 1024

Glenn Olav Lothe

I 2010 var førarane frå NMK Vikedal med å setje sitt preg på NM-runden på heimebane, og Daniel Holten gjekk heilt til topps i klassen inntil 1600 kubikk, og vert seinare Noregsmeister i klassen.

 

Til opningsløpet i NM på Gardermoen er følgjande førarar klare. Joakim Rønnevik i rallycross junior, Åsmund Holten i Supernasjonal inntil 1600 kubikk, Lars Ivar Øie, Kenneth Johansen Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten i Supernasjonal inntil 2000 kubikk, og til slutt Bjørn Magne Moland Enge i store super.