God start

130428_Aasmund_Holten_1024

Åsmund Holten gjorde eit strålande debutløp i rallycross i sin Citroen Saxo, og kjørte inn til 4. plass i NM-runden på Gardermoen lørdag.

Førarane frå NMK Vikedal hadde ein god start under første NM-runde på Gardermoen. Både Joakim Rønnevik og Åsmund Holten kvalifiserte seg begge til A-finalar, og blei til slutt nummer to og fire i sine klassar.


NMK Vikedal står som arrangør for den andre NM-runden i rallycross og om fire veker skal alt vere klart for ei ny fartsfylt helg på Vikedal Motorbane, og førarane frå klubben er alt godt i gong. På laurdag vart første NM-runde avvikla på Gardermoen Motorpark med seks førarar frå NMK Vikedal på startstreken.

130428_Joakim_Ronnevik-Golf_1024

Joakim Rønnevik vart nr. 2 i rallycross junior i sin VW Golf.

 

 

 

Joakim Rønnevik (17 ) , som i 2011 vann rallycross juniorcup, fekk eit fint utgangspunkt i årets sesong der han vil tilbake på pallen i samandraget etter ein femteplass i fjor. Han vart nummer to i klassen sin i opningsløpet og ligg dermed også på ein andre plass også samanlagt før runden på heimebane.
Åsmund Holten (15) køyrde sitt aller første rallycrossløp, og var etter innleiande omgangar kvalifisert til ein B-finale. Denne vann han, og fekk ein av dei gjeve plassane i A-finalen, og blei til slutt nummer fire i Supernasjonal inntil 1600 kubikk.

I klassen over, Supernasjonal inntil 2000 kubikk, var det tre førarar frå NMK Vikedal som stilte til start. Kenneth Johansen, Ernst Holten Leifsen og Daniel Holten. Både Kenneth og Daniel køyrde seg fram til B-finale og enda til slutt på sjuande og niande plass. Ernst Holten Leifsen sleit med tekniske problem med sin nybygde Citroen DS3, og kom seg ikkje vidare til finalane.
I den største klassen blei det til slutt ein 12. plass på Bjørn Magne Moland Enge, etter at også han låg an til ein B-finale etter to omgangar. Til slutt blei det C-finale og altså ein 12. plass i store super på Bjørn Magne.

Første runde i rallycross junior cup vart vunne av Lisa Marie Sandmo, NMK Drammen, medan dei tre supernasjonalklassane vart vunne av  Anders Hansen, KNA Fredrikstad, Lars Øyvind Enerberg, NAF Gjøvik og Stian Haugan, KNA Telemark.