Press "Enter" to skip to content

5 frå Vikedal kvalifisert til Landsfinalane

Last updated on 30. april 2013

Mange av førerane frå NMK Vikedal gjorde det godt i sesongopninga i Bergen. Løpet talde som kvalifisering til Landfinalane for både junior og senior, og førerane frå NMK Vikedal erobra nesten halvparten av dei 12 plassane.

Kvalifiserte LF BC jr
Kjartan Dale, NMK Vikedal, gjekk heilt til topps i bilcross junior i lånt bil. Atle Ø. Veland vart nr. 2 og Steffen Hjelmås nr 3, begge NMK Bergen. Deretter kom Sondre Hundseid Eikeland, Andrè Hustoft Nesheim og Oliver Andrè Matre, alle NMK Vikedal. Alle desse er kvalifisert til Landsfinalen for bilcross junior på Bollandsmoen i Melhus den 27. juli.

 

I bilcross junior var heile 12 av dei 32 deltakerane frå NMK Vikedal, og nesten alle var i finalane. Best gjekk det med Kjartan Dale som gjekk heilt til topps. Sondre Hundseid Eikeland og Andrè Hustoft Nesheim, hadde som Kjartan to heatseierar og ein andreplass i dei innleiande omgongane, men vart nr. 4 og 5 i A-finalen. Oliver Andrè Matre leia B-finalen ei god stund, men måtte til slutt ta til takke med 2. plass der, men fekk dermed 6. plass og siste kvalifiseringsplass til Landsfinalen. Banen i Bergen er som kjent berre godkjent for maks. 5 bilar i bilcross og 4 bilar i rallycross. Anders Lint Moland var og i B-finalen og vart nr. 9. Asbjørn Hustvedt Lærdal og Eirik Sandvik kjørte C-finalen og vart henholdsvis nr. 10 og 11 etter fin kamp heilt til målstreken. I D-finalen kom Joakim Rønnevik, Olav Bjelland og Sølve Østbø på rad og rekke, noko som gav 14., 15. og 16. plass. Både Olav og Sølve hadde forøvrig litt harde møte med rekkverket i 1. omgong og måtte bryta den. Einaste jenta frå NMK Vikedal, Julie Mæland, kom akkurat utanfor finalane og vart nr. 17. Lars Erik Stangeland vart nr. 25, etter ein smell i 2. omgong som gjorde at han ikkje kom til til start i 3. omgong.

I seniorklassen var det 5 deltakerar frå NMK Vikedal. Som vanleg hadde nokre østlendinger tatt turen til sesongopninga i Bergen. I tillegg var det fleire sørlendingar på plass for å prøva å kvalifisera seg til Landsfinalen på «heimebane». Det var berre Per-Gaute Østbø som kom seg til finalane etter to førsteplassar og ein andreplass, men han tapte trekninga om direkte plass i A-finalen. Heldigvis kjørte han inn til andreplass i B-finalen, og er dermed kvalifisert til Landsfinalen for bilcross på Konsmo 24. august.

Per-Gaute_B-finale
Per-Gaute Østbø hadde god kontroll på andreplassen i B-finalen, men kunne lite gjera med Joachim Kerim frå NMK Konsmo.

 

Ingen bilcrossbilar frå NMK Vikedal vart selde, sjølv om det var mange bud, men det vart med ei ekstra boble tilbake til Øvre Vats.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.