Press "Enter" to skip to content

Terminlista for bil 2013

Last updated on 28. januar 2013

Under «Bilgruppa» finn du terminlista for bil 2013. Løpsdatoane er no sikre, men det kan kanskje bli justeringar på korleis løpa vert avvikla. For dei som ikkje kjører NM, vert det ei løpshelg mindre enn tidlegare år. 2-dagarsløpet må i tillegg flyttast, men bilgruppa satsar på å laga eit flott jubileumsløp i oktober i stadenfor. 23. august er det som kjent 30 år sidan det første bilcrossløpet vart arrangert på Vikedal Motorbane.
Har du forslag eller idear til forbetringar eller andre måtar å arrangera løpa på, tar bilgruppa gjerne i mot dei. E-postadresse og tlf. nr. finn du under «Styre» i menyen øverst på sida.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.