Press "Enter" to skip to content

NMK Vikedal gratulerar premievinnerane

Last updated on 28. januar 2013

Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.
Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.

NBF si premieutdeling gjekk føre seg på Thon Hotel Arena i Lillestrøm sist lørdag. Det var utdeling av medaljar i Norgesmesterskap, Norgescup og NEZ, saman med andre utmerkingar. Geir Harald Skeie var på plass for å motta premie for 5. plass i NEZ-mesterskapet 2012, og som deltakar i Team Norway, som vann nasjonskonkurransen. I NM var det berre Ingve Andrè Strand av NMK Vikedal sine førerar som tok medalje. Så vidt me har registrert, var ikkje Ingve Andrè til stades for å motta den velfortjente sølvmedaljen i klassen crosskart 650ccm. Du kan lesa meir om sesongavslutninga til Ingve Andrè og Fitjar Racing Team i Fitjarposten her…

NMK Vikedal gratulerar Ingve Andrè Strand med sølvmedaljen i NM og Geir Harald Skeie med 5. plass i NEZ og seier i nasjonskonkurransen.

Comments are closed, but trackbacks and pingbacks are open.