Yearly Archives: 2013

 

NMK Vikedal

ønskjer alle medlemmer,

 

deltakerar, funksjonærar, sponsorar og andre samarbeidspartnerar ei

God Jul og eit godt Nyttår

Dugnad med klargjering for vinteren

Den siste dugnaden i år blir tirsdag 03.12. kl 16 – ca 19. Det som må gjerast før vinteren set inn er stenging av vatn, rydding av søppel, trille inn søppeldunkar, stenge av nye depot med festivalgjerer, rydde miljøstasjonen, rydde vaktpostane og rundt banen for søppel, sjekke kummer og grøfter, samle inn skilt og diverse langs veg og bane. Sette i nytt vindu etter innbrudd.

Årets Rallycross-arrangør

74939_10202627571074797_823841983_n

Gratulera!

NMK Vikedal er tildelt prisen for beste arrangør i Rallycross i 2013.

Takk til alle sjåførar som har sett pris på arbeidet som er gjort og stemt på oss. Til  de som har jobba godt i løpskommitear og alle de andre som har stilt opp for klubben i år  er dette ein flott  tilbakemelding å få, og det er vel fortjent.
Vil tru at ei slik tilbakemelding vil gi motivasjon til nytt pågangsmot i neste sesong og åra framover.

Lykke til!

Mvh Kari
leiar 2013

 

 

Ny crosskartførar i 85 cc klassen

Det er nå klart at det blir ein ny førar i crosskart 85 cc klassen i neste sesong. Guten heiter Lars Søyland og er son til Paul Søyland i MX-gruppa. Lars er kjent med motorsportmiljøet, og kjører for teamet «PRS Motorsport» saman med broren Johannes som køyrer motorcross i 125 cc klassen. Etter å ha sett på treningane og også fått prøvekjørt karten til Bjørn Cato, blei det i haust klart at Lars overtar den. Crosskartmiljøet og klubben ønsker Lars og familien velkommen, og ser fram til treningar og kansje løp i lag til neste år.

Deal, seier gutane ved overlevering. Frå venstre Bjørn Cato Aarekol og Lars Søyland.

Deal, seier gutane ved overlevering. Frå venstre Bjørn Cato Aarekol og Lars Søyland.

Års-avslutning

Til alle medlemmer.

Års-avslutning for alle medlemmer i NMK Vikedal.
Lørdag 16. november ca. kl 18 – like etter årsmøte.
Meny: Taco, brus, kaffi og kake.
Improvisert program som gamle opptak og bilder frå motorbanen. Vil de bidra med noko er de velkomne til det.

Påmelding: send ei meld. til Kari Holten Leifsen; 920 42 004 eller Solveig Reimers; 915 21 947  Frist 9.november.
Pris kr 100 pr.person, bet. v/inngang.

Håpar de vil ta turen på års-avslutning.

Velkommen!

-Styret i NMK Vikedal.

Flott og spennande 30 års jubileumsløp

Det vart eit flott og spennande 30 års jubileumsløp på Vikedal Motorbane i helga. Opphold stort sett heile helga, sjølv om det vart litt kald vind søndag. Til slutt var det landsfinalevinnar Preben Myklebust som drog seieren i land. Per-Gaute Østbø vart nr. 2, medan Anfinn Mæland tok ein flott tredjeplass. Per-Gaute var ein av dei 5 deltakerane som og deltok i opningsløpet 14. august 1983. 

Seierspall_BC
Preben Myklebust, NMK Egersund, på toppen omgitt av Per-Gaute Østbø t.v. og Anfinn Mæland, begge NMK Vikedal.

I juniorklassen dominerte førerane frå NMK Bergen. Steffen Hjelmås gjekk til topps, framfor Atle Østerbø Veland og Karoline Breivik. Olav B. Bjelland og Oliver Matre vart best av NMK Vikedal-førerane på 4. og 5. plass.

    Resultatliste – bilcross jr.
    Resultatliste – bilcross

 

Innkalling til årsmøte i NMK Vikedal 2013

Til alle medlemmer i NMK Vikedal

Innkalling til årsmøte i NMK Vikedal 2013

Tid : Laurdag 16. november 2013, kl. 13.00 – kl. 17.00

Stad : Vikedal Bygdahus

Sakliste for årsmøtet:

1. Åpning ved leiaren
2. Godkjenning av innkalling og saksliste. Valg av ordstyrer og 2 medlemmer til underskriving av møtereferat.
3. Årsmelding
4. Regnskap
             Regnskapet vert lagt ut for gjennomsyn 30 min. før møtet – gjennomgang kun av postar over 20.000,-
5. Medlemmer – organisering av klubben
6. Anlegg
             Pause med enkel servering
7. Spelemiddelsøknadar
8. Arrangement 2014
9. Budsjett
10. Valg
11. Innkomne forslag
12. Fastsetjing av medlemskontingent og andre avgifter
13. Andelsbrev, trekking
14. Avslutning ca kl 17.00

Eventuelle forslag ein vil at årsmøtet skal ta opp, må leiaren i styret informerast om dette så snart som mulig, og forslaget leverast skriftleg til styret før årsmøtet startar.

For styret i NMK Vikedal

Kari Holten Leifsen, leiar

Vakter for dei som var seint påmelde

Det er sjølvsagt ikkje slik at dei som kjører for NMK Vikedal og melder seg seint på slepp å melda inn vakter. Alle skal melda inn vakter, og dei som kjem seint må sjølvsagt ta dei oppgåve som er igjen.
Det er no 11 påmelde i BC jr. og 48 i BC frå NMK Vikedal, så om alle skaffar ei vakt kvar dag, evt. to ein dag, er me nesten i mål med finksjonærane denne gongen.

Lisensar og vakter til jubileumsløpet

Det er berre 9 førerar som har meldt inn vakter så langt, og det er alt for lite i forhold til dei påmelde. Det er pr. i dag 8 påmelde i bilcross jr. og 36 i bilcross, og om alle desse hadde meldt inn ein vakt kvar dag, ville løpskomiteen sluppe å bekymra seg for det. For alle dei som etter fleire år fortsatt ikkje hugsar kor dei skal melda inn vakter, er e-postadressa  fortsatt vakt(a)nmk-vikedal.net. 
            Og tenk litt på kven du spør om å vera vakt. Du skal ikkje berre melda inn eit namn, personen skal og vera egna til å gjera ein jobb. Tenk på at ei banevakt du eller ein annan førar har meldt inn er den som skal hjelpa deg ut når du har hatt ein kjempesmell, ligg på taket med smerter i nakken og bensin/olje flytande rundt deg. Me håpar at det ikkje skjer, men det kan skje. Då vil det vera ein fordel om vedkommande har litt erfaring frå redningstjeneste, førstehjelp, brannvern o.l. Kjenner du nokon i det lokale brannvernet, industrivernet, sivilforsvaret e.l. kan det vera lurt å prøva å få dei med.

Det er ein del som skal kjøra sitt første løp for sesongen og me vil difor informera litt om lisensar:
For å delta i konkurransen må ein ha ordinær lisens som dekkjer bilcross. Dei som løyser førarlisens for bilcross etter 1. sept. betalar berre halv avgift (kr. 700,-), men må og ha gyldig medlemskap i den motorklubben som står på lisensen. Ny-innmelde seniormedlemmer i NMK Vikedal betalar 230,- kr. i medlemskap ut året etter 1. sept. Alle kvitteringar for lisensar og medlemskap MÅ ha manuell kvittering (stempel) eller oblat. Utskrift frå nettbank er ikkje godt nok.
Dei som løyser eingongslisens for løpet kan ikkje oppnå plassering på resultatlista eller premierast. Ein køyrer då nærmast som debutant, men har ikkje fritak frå anbudsreglementet på bilen som debutantane har. Eingongslisensen kostar kr. 300,- og kan løysast på innsjekk. Ein treng ikkje medlemskap i motorklubb når ein kjører på eingongslisens. Det må opplysast ved påmelding at ein ønskjer eingongslisens, slik at arrangører har nok lisensar tilgjengeleg.
Ta kontakt med Svein Erik Østbø, tlf. 90895398, dersom du har spørsmål om lisensar/medlemskap.

NMK Vikedal-førerane markerte seg i avslutningsløpet for Lyngås

5 førerar frå NMK Vikedal tok turen til superfinalen på Lyngås Motorbane lørdag 28. sept. Dette var siste løpet på Lyngås, som etter over 40 år med billøp og mange minnerike EM-rundar no skal bli brukt til søppelsorteringsanlegg. Våre førerar markerte seg godt i avslutningsløpet, og kom alle til finalane.