|
02.02.2012:
Lisenskurs for junior på 4-hjul
Som vanleg blir det arrangert lisenskurs for hastighet jr. (rallycross,
bilcross og crosskart) i vår. Det er ein teoridel og ein
praksisdel. Teoridelen går torsdag 23. februar kl. 16.00 i
Smedasundet 97B (Byggopplæringskontoret sine lokaler).
Praksisdelen er planlagt til lørdag 17. mars der deltakerane må
stilla med eige utstyr. Kursavgift kr. 400,-.
Nærmare informasjon får du hjå Steinar Høyvik, tlf. 90061073
eller e-post higre@online.no.
Påmelding innan 17. februar til Steinar.
02.02.2012:
Teknisk årskontroll for bil
Dei tekniske årskontrollane er planlagt til 3. mars i Sandeid og
i Haugesund 10. mars
02.02.2012:
Velkommen tilbake
Etter drygt 2 månadars pause der det ikkje har
skjedd noko på nettsida, er det på tide å få opp aktiviteten
igjen. Som de ser er det snart for lisenskurs og årskontrollar.
Me ønskjer
alle
eit godt nytt motorsportsår!
29.01.2012:
Dårleg frammøte på årsmøtet i Vikedal
Det var enno litt dårlegare frammøte enn i
fjor på årsmøtet i Vikedal i november.
Dag Fisketjøn frå Suldalsosen vart attvald
som leiar. Organisasjonen vart justert litt ved at
komiteleiarane går inn som styremedlemmer. I tillegg går
nestleiarane i bil- og MX-komiteen inn i anleggskomiteen. Dermed
håpar ein å få til eit betre samarbeid og engasjement.
Her er
lista over dei tillitsvalde for 2010
Nyhetene frå i fjor
(2011), eller andre år, finn du ved å følgja linken øverst i
høgre hjørnet.
|


Hovudsponsor:
Sponsorar:









Saltvedt
Auto Grip as
Haugesund


Samarbeidspartnerar:





|